Dragon’s Dogma: Dark Arisen anmeldelse

For ein del år tilbake gav Capcom ut Dragon’s Dogma ut. Deretter nokre år seinare gav dei ut ein remake av spelet, men er dette eit bra spel?

Drago’s Dogma: Dark Arisen er eit ganske interessant spel. Spelet kombinerer ein del element frå Monster Hunter, Skyrim og ein del andre spel. Kombinasjonen mellom alt dette følest veldig bra ut, og ikkje berre det, men det passar også veldig bra.

Det første ein gjer når ein starter spelet, er å lage ein karakter. Deretter vel ein kva klasse karakteren skal vere, og då kan ein velje mellom ridder, trollmann eller bueskyttar. Dersom det viser seg at du ikkje var fornøgd med klassevalet, eller berre vil prøve ut ein ny klasse, kan du heldigvis bytte klasse på eit seinare tidspunkt i spelet for ein liten sum pengar.

Relatert bilde
Hm… kva klasse skal eg velje?

På lik linje med ein del andre rollespel, består oppdragene av å finne «ditt» og «datt». Samtidig driver det ikkje med noko handhalding, og for nokon kan dette kanskje bli litt forvirrande. Ein kan kanskje bli usikker på kvar ein skal gå.

Verda i spelet er stor. For å kome seg til andre sida av kartet er ein nøydt til å gå, og dette er sidan det ikkje finst noko form for alternativ transport. Heldigvis, som plaster på såret, har Capcom valt å inkludere ein rask reisemekanikk.

Bilderesultat for dragon's dogma dark arisen
Hm… kvar skal eg gå i dag?

Gameplayet i Dragon’s Dogma følest veldig flytande ut. Frå korleis karakterande beveger på seg, til alle dei kule mekanikkane. Ein kan blant anna hoppe oppå eit monster mens ein kjempar mot det, for å så slå det på ryggen. Noko eg spesielt synst var morosamt var at ein kan løfte opp ulike gjenstandar og karakterar. Så dersom ein har problem med at nokon står i vegen for deg, er det berre til å flytte på dei.

Bilderesultat for dragons dogma gameplay
Yeeehaaa!

I løpet av spelet får ein nokre medhjelparar. Desse vert kalla for pawns. Som oftast er desse veldig nyttige å ha, ettersom at dei kan blant anna støtte deg ved å angripe fienden eller å helbrede deg. Problemet med desse medhjelparane er at dei aldri er stille. Nesten kvart femte sekund kommenterer dei eit eller anna. Anten det er vêret ute, at de er nær fiendar eller at du skal angripe ein fiende. Heldigvis er dette berre ein bagatell, sjølv om det til tider kan vere veldig irriterande.

Bilderesultat for dragons dogma questing
Fremad, kamerater!

Dragon’s Dogma: Dark Arisen har sine opp og ned turar. Heldigvis gjer det opp for seg gjennom ein kombinasjon av dei ulike mekanikkane, ei stor verd og variert gameplay. Kanskje dette er det neste rollespelet du bør prøve ut.

7 / 10

[star rating=»7″ max=»10″]

 

 

 


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *