Final Fantasy XIV: Shadowbringers annonsert

Sqaure Enix annonserte nyleg den neste utvidingspakken til Final Fantasy XIV, og den heiter Shadowbringers. Kva vil den tilby?

Den neste utvidinga til heiter Shadowbringers. Shadowbringers vil la oss spele som mørkets kriger, i tillegg til å gå djupare inn i Ascian’ane og guden Zodiark sine bakgrunnshistoriar. Me vil difor få eit heilt anna perspektiv på Final Fantasy XIV-universet som me kjenner det.

46493544_516443178869975_5615910549746352128_n.png
Back in black!

Shadowbringers kjem til å tilby nytt innhald som nye fangehol, tokt, og ein haug med nye områder. I tillegg til alt dette kjem det også til å kome nye spelarrasar, nye jobbar, ei nivåauking til nivå 80, justeringar av kampsystemet, og ein haug med andre forbetringar. Shadowbringers kjem også til å introdusere nokre nye system som NPC Trust System, som lar ein spele saman med andre NPC-ar. I tillegg til dette får me New Game+, som er ein heilt ny måte å spele spelet på, og World Visit System, som skal la oss få lov til å besøke andre serverar på datasenteret me befinner oss på.

46379145_447805115623603_7142807879156760576_n.png
Kva er dette for ein plass?

I tillegg til Shadowbringers, kunne Square Enix annonsere at det kjem ein ny jobb i oppdatering 4.5. Denne jobben vil vere Blue Mage. Som dei fleste Final Fantasy-fans veit, så har Blue Mage evna til å lære seg evnene til sine fiendar. Dette vil gi ein stor valfridom for spelarar, og det blir spanande å sjå kva ein kan lære seg.

46444445_309607722987995_3760363984998367232_n.png
Kva trylleformler kan eg lære denne gangen?

Shadowbringers kjem ut neste sommar til PC, PS4 og Mac.

Me får meir informasjon om utvidinga på Paris Fan Festival som er den 2. og 3. februar, og på Tokyo Fan Festival som er den 23. og 24. mars.

Om du er interessert i å sjekke ut traileren, kan du sjekke han ut nedanfor.

 


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *