Final Fantasy XIV 4.5: A Requiem for Heroes annonsert

Sjølv om Square Enix nyleg annonserte den neste utvidingspakken til Final Fantasy XIV ser det ikkje ut som at dei stoppa der. No ser det ut som at det er meir informasjon på veg.

Under ein presentasjon annonserte Square Enix at den neste oppdateringa til Final Fantasy XIV vil heite A Requiem for Heroes. Denne vil bli delt i to delar, der den første delen kjem ut i jaunar neste år, mens den andre delen kjem ut i slutten av mars.

Oppdatering 4.5 vil innehelde nye fangehol, tokt, og mykje anna innhald. Historieoppdraga her vil også legge grunnlaget for kva som vil skje i Shadowbringers. Men oppdrag er ikkje det einaste som kjem. I tillegg til alt dette kjem også den nye jobben Blue Mage. Denne vil la deg lære dei ulike evnene til monstra du kjemper.

Andre ting som kjem i oppdatering 4.5 er:

  • Nye historieoppdrag.
  • Avslutninga til The Four Lords-oppdraga.
  • Nye Hildibrand-eventyr.
  • Nye fangehol – The Ghimlyt Dark.
  • Nye Return to Ivalice-tokt – The Orbonne Monastery.
  • Nye prøvelsar – Seiryu – The Wreathe of Snakes (Normal og ekstrem).
  • The Forbidden Land, Eureka – Hydatos-ekspedisjonen.
  • Ei oppdatering til Rival Wings – ein ny bane.

Oppdatering 4.5 kjem ut tidleg neste år.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *