Kva skjer i Final Fantasy XIV?

I løpet av dei siste dagane har eg spelt ein del Final Fantasy XIV, og då har eg kost meg veldig mykje. Så, kva er det eg har opplevd?

For rundt 3 veker sidan kom den førre patch’en til Final Fantasy XIV, Prelude in Violet, ut. Med denne kom det mykje nytt innhald som nye fangehol, oppdrag, og mange andre ting. I og med at dette er nytt er det mange som ikkje har prøvd det ut enda. For å gjere det mest behageleg for alle saman, skal eg prøve å unngå spoilers i denne artikkelen.

Det nye innhaldet er så bra. Frå dei nye raid’a i Omega-serien, alle dei nye fangehola eg fekk prøve ut gjennom historia og dei nye korta eg fekk prøve ut i Triple Triad. Alt følest så nytt og spanande ut.

70df23d56f34c6616e72133cdf7baed4c601a293_91.png
På tide å få nokre nye kort i samlinga mi.

Dei nye utfordringane er veldig kjekke. Med sine nye mekanikkar, utfordrande monster og varierande gameplay bringer det noko heilt nytt til Final Fantasy XIV. Spesielt Hell’s Kier (Extreme) er veldig kjekk.

70df23d56f34c6616e72133cdf7baed4c601a293_3.png
Sjå så søt den er!

2018 er året der Final Fantasy XIV ferier sitt 5-årsjubileum. I regi av dette har Square Enix valt å publisere litt interessant statistikk. Denne statistikken finner du nederst i artikkelen. Under ser du blant anna kor mange spelarar spelet har, kor mykje pengar som har blitt brukt på å reparere utstyr, og mange andre ting.

I dag er det rundt 14 000 000 spelarar som speler Final Fantasy XIV. Dette er ganske mange folk, og det er omtrent like mange som det bur i Los Angeles, Tokyo eller London. Kunne du sett for deg at heile London satt heime og spelte Final Fantasy XIV?

Med si djupe historie har Final Fantasy XIV mykje å tilby. Til no har spelet opp til 4500 minutt med filmsekvensar. Dette er faktisk like mykje som om ein skulle ha sett Roman Holiday 38 gangar. Så dersom ein har lyst til å forsvinne inn i ei verd med ei djup historie, er Final Fantasy XIV spelet ein ser etter. Eg derimot har nok brukt mykje meir enn 4500 minutt på dette fantastiske spelet.

Eit spel er så mykje med si djupe historie, men kva er den djupe historia utan tekst? Då A Realm Reborn kom ut hadde Final Fantasy XIV 9 000 000 ord. I dag har det nærmare 28 000 000 ord. Det er faktisk 43 gangar så mykje som heile Sherlock Holmes-samlinga. Og kven sa ein trengte å lese bøker for å bli smart? Her er det jo meir enn nok tekst å lese.

70df23d56f34c6616e72133cdf7baed4c601a293_0.png
Kvar trur de at våre heltar er på veg denne gangen?

Dette er berre noko av det Final Fantasy XIV har å tilby. Personleg synst eg dette er heilt fantastisk, men kva synst du det? Er japanske rollespel noko for deg, eller føretrekker du dei meir vestlege spela?

Dersom du skulle vere interessert i å prøve ut Final Fantasy XIV er det mogleg å spele gratis opp til nivå 30. Sjølv om det kanskje ikkje høyrest så mykje ut, så vil det nok ta deg langt over 30 timar å kome til det. Prøveversjonen i seg sjølv er fullstappa med innhald, og det er difor den perfekte smakebiten på kva spelet har å tilby.

Eg håper verkeleg du har lyst å bli med meg på eventyr i Final Fantasy XIV. Me snakkast i Eorzea.

Sjekk all denne interessante statistikken!

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *