Då Surgeon Simulator kom ut i 2013, viste det seg å bli ein stor suksess. Til no har det blitt lansert på ei rekke konsollar, og no ser det ut som at Nintendo Switch står for tur.
Utviklarane av Surgeon Simulator, Bossa Studios, kunne nyleg bekrefte gjennom Twitter at spelet er på veg til Nintendo Switch. Diverre kunne dei ikkje bekrefte ein dato, men dei kunne vise oss dette bilete du ser nedanfor.

Gleder du deg til Surgeon Simulator kjem ut på Nintendo Switch?