Final Fantasy XIV 4.4 – Prelude in Violet annonsert

Ein del gangar i året held Sqaure Enix presentasjonar om Final Fantasy XIV ved namn Letter from the Producer. No ser det ut som at dei har røpt meir informasjon om den neste store patch’en.

Namnet på den neste patch’en blir Prelude in Violet. Det har allereie blitt bekrefta at patch’en vil kome ut ein gang i midten av september.

Når det kjem til innhaldet i den nye patch’en vil det vere nye historieoppdraga, og i tillegg til dette vil patch 4.4 innehelde nye sideoppdrag som The Four Lords og nye Hildibrand-oppdrag. Det vil òg vere to nye fangehol ved namn The Burn og Saint Mocianne’s Arboretum (Hard). Samtidig som dette vil patch 4.4 tilby ein heilt ny trail der dei kan utfordre den mektige Suzaku, og denne vil verte tilgjengeleg i både vanlege versjonen og den vanskelege versjonen. Dei siste raid’a i Omega Raid-serien, Alphascape og Alphascape (Savage) vil òg verte tilgjengeleg.

Dei norverande jobbane vil få nokre endringar, men dette er hovudsakleg diverse finpussingar. Det vil òg kome fleire ledige plassar til rollehandlingar. I tillegg til dette vil det kome nokre nye Quick Chat-fråsegn for tidsbestemte angrep i PvP-en. Samtidig vil det vere mogleg å kunne endre på HUD-en til PvP-en.

The Golden Saucer vil bli oppdatert med ein ny GATE, og denne vil hovudsakleg tilby puslespel.

The Ceremony of Eternal Bonding vil få nye seremoniar og jubileumsseremoniar. Gruppestillingar vil og få nye funksjonar som legger til minon’en sine handlinar, gåanimasjonar, og ein funksjonar som kan låse tida og vêret.

I tillegg til alt dette blei det delt meir informasjon om samarbeidshendinga mellom Final Fantasy XIV og Monster Hunter World. Frå 7. august vil ein kunne jakte på Rathalos. Denne trial’en vil vere tilgjengeleg som både normal og ekstrem. I den vanlege modusen kan åtte spelarar utfordre Rathalos, men i den ekstreme versjonen kan berre fire spelarar utfordre beistet. Dei som slår beiste vil kunne få diverse gevinstar som ein ser på bileta nedanfor.

DiOG-QXVMAANyio.jpg
Wow, sjekk dei antrekka!
DiOHAd9VMAAkZlB.jpg
Så søt pusekatt.
DiOG_0NVMAATCkJ
Men denne grisen må no vere enda søtare enn katten.
DiOHBW0UwAAFvyY.jpg
Sa nokon grillfest ved huset?

Utanom dette hadde ikkje Square Enix så mykje anna å tilføye, men det er forventa at dei vil dele meir informasjon om patch 4.4 på eit seinare tidspunkt. Me kan nok forvente ein trailer ein gang i august. Så no er det berre å glede seg.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *