stardew valley

Stardew Valley kjem til Nintendo eShop denne veka

Det populære indie-bonderolletspelet Stardew Valley som har sjarmert oss alle, er no på veg til Nintendo Switch. Dette kunne Nintendo og utviklaren av Stardew Valley, Eric Barone, nyleg bekrefte. Spelet lanserast no allereie på torsdag, 5. oktober.

Til no har spelet solgt over 1 000 000 eksemplarar, og det ser ut som at det ikkje kjem til å stoppe der. Eric Barone, eller ConcernedApe som han er betre kjend som, har nemlig sagt at han skal støtte spelet i ei lang tid framover. Blant anna skal det kome ein fleirspelarmodus i den nærmaste framtida. Difor er det aldri forseint å prøve ut spelet.

Har du prøvd ut Stardew Valley? Fortel oss kva du har opplevd i spelet så langt i kommentarfeltet vårt.

 


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *