Nintendo Switch har solgt meir einingar enn Wii U

I desember i fjor fekk me vite at det hadde blitt solgt over 10 millionar Nintendo Switch-konsollar. No ser salstalet enda meir positivt.

Nintendo kan nemleg bekrefte at dei solgte 14,86 millionar einingar av Nintendo Switch i fjor. Ikkje berre det, men det blei også bekrefta at Nintendo Switch var den mest solgte konsollen i fjor. Dette fortel oss ikkje berre kor populær Nintendo Switch er, men også kor dårleg Wii U solgte. Til no har Nintendo Switch solgt 1,3 millionar meir enn det Wii U har gjort til no.

Som me ser går Nintendo Switch-salet ganske bra, og difor får me berre håpe på at Nintendo kjem til å støtte konsollen enda lenger enn Wii U.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *