Kingdom Hearts III utsett til 2019

Gang på gang har Square Enix utsett Kingdom Hearts III. No ser det endeleg ut som at spelet har fått ein lanseringsdato.

Kingdom Hearts III kjem ut 29. januar 2019. Dette kan Square Enix bekrefte.

Opprinneleg skulle Kingdom Hearts lanserast ein eller annan gang i 2018 til Playstation 4 og Xbox One, men no ser det ut som at det ikkje blir noko av. Som eit plaster på såret kan Square Enix bekrefte at E3-presentasjonen deira vil innehelde fleire trailerar til Kingdom Hearts III.

Gleder du deg til Kingdom Hearts III kjem ut?


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *