Hyrule Warriors: Definitive Edition anmeldelse

I løpet av dei siste vekene har eg spelt gjennom Hyrule Warriors: Definitive Edition, men er den oppdaterte versjonen av Hyrule Warriors bra?

Hyrule Warriors blei opprinneleg lansert på Wii U i 2014. Spelet var ei kryssing av The Legend of Zelda-serien og Dynasty Warriors-serien, og mange var skeptiske til dette. Resultatet var eit spel prega av fanservice utan like. Her kunne ein vere ein av favoritt karakterane sine frå heile Zelda-universet. Sjølv om Wii U ikkje akkurat solgte så bra, solgte Hyrule Warriors relativt bra.

Eit år seinare, i 2015, kom spelet til Nintendo 3DS, under namnet Hyrule Warriors: Legends, og denne gangen med enda meir innhald. Diverre var DLC-en eksklusiv til 3DS-versjonen, men ein kunne overføre den til Wii U-versjonen dersom ein hadde begge utgåvene av spelet.

I år kom til slutt Hyrule Warriors: Definitive Edition til Nintendo Switch. Dette er, som namnet tilseier, den komplette utgåva av spelet. Denne versjonen kombinerer innhaldet til både Wii U- og 3DS-utgåvene av spelet. Dette vil sei at spelet innehelder alle tidlegare utsluppen DLC-ar, modusar og alt anna tillegg til spela. Dette resulterer i at me får ein spel som har totalt 29 karakterar.

Relatert bilde
Sjekk ut alle dei ulike karakterane ein kan spele som!

Gameplayet til Hyrule Warriors skil seg nok ut frå tidlegare Zelda-spel. Hack and slash tilnærminga er utruleg tilfredsstillande. Kjensla ein får av å kunne slå til mengder av fiendar beståande av opptil 50 fiendar, er ganske utruleg. Spelet flyter bra, og det er best spelt med Pro-kontrollen.

Bilderesultat for hyrule warriors hordes
Hm… kan dette her gå bra?

Kampoppsettet til dei ulike karakterane er identisk. Kvar karakter bruker ulike kombinasjonar knytt opp til Y-, X- og B-knappane. Ser ein vekk ifrå karakterane sine enkelte animasjonar og angrep, ser ein nesten ingen forskjell mellom dei. Til slutt blir det kanskje litt for repreterane.

Sjølv om kampopprette til tider kan vere repeterande og overfladisk, har heldigvis Hyrule Warriors fleire timar med innhald. Bortsett frå den vanlege historiemodusen, altså Legend Mode, har Hyrule Warriors blant anna Free Mode, Adventure Mode og Challenge Mode. I Free Mode kan ein spele alle dei ulike scenarier om igjen med dei andre karakterane i spelet. Adventure Mode lar deg prøve ut ulike kart basert på dei ulike Zelda-spela med mange ulike utfordringar. Her kan det kanskje ver at ein må slå ein spesifikk fiende under 10 minutt, eller klare å drepe eit monster utan å bruke eleksirar. Challenge Mode, på lik linje med Adventure Mode, lar deg gjere ulike utfordringar. På lik linje med Adventure mode, kan dette vere å drepe så og så mange fiendar på kortast mogleg tid, eller å samle X antall rupi. Gjennom Adventure Mode og Challenge Mode får ein altså ein ny vri på dei gamle kampane.

Relatert bilde
Wow! Sjekk ut dette kartet her!

Visuelt sett er Hyrule Warriors: Definitive Edition ganske bra. Nokre av karakterane ser til og med betre ut her enn dei gjorde i sine representerte spel. Wii U sleit ein del med dette spelet, ettersom at det var fleire fiendar på skjermen om gangen. Heldigvis er ikkje dette noko som Nintendo Switch sliter så mykje med. Inniblant hakker kanskje spelet litt, men det er berre ein bagatell samanlikna med korleis det var på Wii U eller 3DS. Kort sagt er grafikken på topp.

På lik linje med grafikken, er lydsporet også på topp. Mesteparten av spelet er remixar av gamle songar frå Zelda-serien, men det er også ein del nye sangar. I tillegg til dette finner ein mange av dei klassiske lydeffektane og. Det kan vere å opne ei kiste, auke i nivå eller noko anna. Har du vert ein Zelda-fan lenge vil du nok kjenne mesteparten av desse igjen.

Alt i alt er Hyrule Warriors eit ganske bra spel. Sjølv om gameplayet til tider kan bli litt for repeterande, blir dette heldigvis gjort opp for med timevis med innhald.

[star rating=»7″ max=»10″]

 


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *