Då Sony bekrefta av dei kom til å lansere den populære spelserien Jak & Daxter på PS4 tidlegare i år, kom det mange positive reaksjonar. No ser det ut som om dei har enda fleire positive nyheiter å by på.
Allereie i august kom det første spelet i serien, Jak and Daxter: The Precursor Legacy, ut. Men det var berre eitt problem: Kvar var nemleg resten av serien? Heldigvis har Sony letta på sløret, for no ser det ut som at spelet allereie kjem ut i dag, 6. desember.
Er du gira på å kunne spele Jak and Daxter igjen? Uansett om du er gira eller ikkje, får me berre satse på at Sony gir ut fleire remake’ar av dei gamle spela sine.