Xenoblade Chronicles 2 anmeldelse

For ein del år tilbake kom Xenoblade Chronicles ut på Nintendo Wii. Deretter for to år sidan, i 2015, blei spelet gitt eksklusivt ut på New Nintendo 3DS. No har oppfølgaren til spelet kom ut, men er den betre enn forgjengaren?

Handlinga i Xenoblade Chronicles 2 finner stad fleire hundre år etter handlinga i forgjengaren. På lik linje med forgjengaren skjer handlinga på titanar, men denne gangen er det mange fleire. Her lever menneska i harmoni med naturen, men problemet er at fleire og fleire titanar døyr. Dette påverker forhalda mellom dei ulike nasjonane negativt. Midt i alt dette her møter me Rex, ein tilfeldig skrapsamlar. Rex, på lik linje med andre skrapsamlarar, lever livet sitt heilt normalt, men ein dag blir livet hans forandra. Han møter ei jente som heiter Pyra. Deretter slår dei seg saman for å finne Elysium, det sagnomsuste landet på toppet av verdstreet midt i skyhavet. Seinare møter Pyra og Rex på Nia, Dromach, Tora, og Poppi.

Relatert bilde

Sentralt i både gameplayet og handlinga til Xenoblade Chronicles 2 står Drivers og Blades. Drivers er enkeltmenneske med potensialet til å vekke Blades frå dei såkalla Core Crystals. På andre sida er Blades personifiseringa av mektige våpen. Samtidig har me også den legendariske Aegis, som skal vere det sterkaste Blade’n av dei alle.

Bilderesultat for xenoblade chronicles 2

Lydsporet til Xenoblade Chronicles 2 er ganske bra. Stemningane og kjenslane blir formidla på ein ganske bra måte. Noko eg derimot har litt blanda kjensler om var stemmeskodespelet. Eg liker veldig godt at det er stor variasjon i blant anna dialekter, aksangar, og språket til den engelske dubben. Problemet er at stemmene kan til tider vere litt dårleg synkronisert med lepperørsla og kroppsspråket til karakterane. Dette får dialogen til å framstå unaturleg ut. Heldigvis har Nintendo valt å tilbydd ein gratis tilleggspakke med japanske stemmer for å delvis rette opp i dette.

Kampsystemet til Xenoblade Chronicles 2 er ganske likt som dei førre spela i serien. Denne gangen derimot er det blitt forenkla og mykje meir nybyrjarvenleg. Konstant gjennom spelet kjem det nye påminningar om korleis alt fungerer. Dette er veldig bra for nybyrjarar som kan til tider slite litt med korleis spelet fungerer, men for dei meir erfarne kan dette verke veldig plagsomt. Kampane i spelet kjempa i sanntid, men angrepa er derimot automatiske. Når ein så har landa ein del slag, kan ein deretter byrje å bruke Arts. Arts er teknikkar som Blades’a bruker. Desse teknikkane har ulike funksjonar og element, og dei varierer ifrå kva Blade ein bruker. Difor kan nokre teknikkar skade meir på nokre monster enn andre. Ein kan også utføre ulike kombinsjonsangrep som utgjer meir skade. Gjennom spelet får ein også moglegheita til å samle fleire Blades, og ein kan maks bruke tre av desse per person under kampane.

Relatert bilde

Blades har ulike roller under kampane. Det finst tre typar Blades: angriparar, forsvararar, og helbredarar. Angriparane fokuserer på å gjere skade til ulike monster, forsvararar, eller rettare sagt tank’ar, fokuserer på å ta skaden for alle partimedlemmea, mens helbredaren fokuserer på å helbrede alle dei andre partimedlemma. Skal ein få mest ut av dette her, er det veldig viktig å finne ein balanse mellom korleis ein skal bruke dei.

Verda i Xenoblade Chronicles 2 er ganske stor. Som tidlegare sagt opphalder ein seg på ulike titanar, og på kvar av desse er det mykje som skjer. Her har ein ulike byar, kulturar, landformer, og mykje anna. Dersom ein sliter med å finne fram, hjelper heldigvis spelet oss med dette. Spelet har nemleg eit navigasjonssystem som markerer kvar du skal, anten det er hovudoppgåva eller andre mindre oppgåver. Difor skal ein vere veldig flink dersom ein klarer å rote seg vekk.

Bilderesultat for xenoblade chronicles 2

På lik linje med andre rollespel, har Xenoblade Chronicles 2 ein haug med sideoppdrag. Desse kan handle om å drepe eit monster eller å finne ein spesiell gjenstand. Diverre på lik linje med dei andre spela i serien, kan ein på ein måte sjå på spelet som eit einspelar-MMORPG. Og diverre på lik linje med andre MMORPG, fungerer sideoppdraga ganske likt. Først må ein gå til ein viss plass, deretter må ein drepe det bestemte monsteret for å gå den bestemte gjenstanden. Dersom monsteret ikkje dropper den bestemte gjenstanden, må ein fortsette å drepe fleire. Dette kan for mange bli ganske keisamt og monotont. Difor er det nesten ikkje vits i å fokusere på dei.

I spelet finner me mykje humor og god karakterutvikling. Utifrå av historia til tider kan vere ganske dyster, synst eg det er litt ironisk å ha med litt humor. Dette er noko eg liker veldig godt, og eg synst det passer ganske godt inn. Gjennom heile historia har hovudkarakterane, Pyra og Rex, god karakterutvikling.

Sjølv om Xenoblade Chronicles 2 kan vere litt irriterande til tider, er det fortsatt eit bra spel. Med blant anna si historie, karakterar, og gameplay, vil eg tru at mange vil synest at dette er eit ganske bra spel – spesielt for rollespelentusiastar.

7 / 10

[star rating= «7» max = «10»]

 

 

 


Kommentarer

Ett kommentar til “Xenoblade Chronicles 2 anmeldelse”

  1. Høres ut som en Xenoblade, ja. Blir å prøve det ut. Ventet bare på et Xenoblade Online en dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *