Super Smash Bros. Ultimate anmeldelse

Atter ein gang har Nintendo lansert eit nytt Super Smash Bros.-spel, men er det bra?

Sidan Super Smash Bros. Ultimate blei annonsert tidlegare i år, har eg gleda meg noko heilt vanvittig til prøve det ut. Heldigvis har ventetida vert kortare enn med tidlegare spel i serien, men det var verdt det uansett. Eg synst det var kjempekult at dei gjenforeina alle karakterane frå tidelgare spel. I tillegg såg det nye åndesystemet veldig spanande ut. Alt dette til saman viser at Super Smash Bros. har mykje bra innhald å by på. Difor er Super Smash Bros. Ultimate rett og slett det ultimate Super Smash Bros.-spelet.

Eit av hovudkonsepta til Super Smash Bros. Ultimate er at alle karakterane som på eit eller anna vis har vert med i serien, er med i dette spelet. Alt frå Mario til Sonic til Inkling – alle er her! Eg synst det er kjempekult, spesielt sidan det lar oss «nye» få lov til å prøve ut dei gamle karakterane. I tillegg til å samle alle tidlegare karakterar i serien, introduserer Super Smash Bros. Ultimate nokre nye karakterar kalla ekkokarakterar. Dette er karakterar som tidlegare har vert betrakta som «kloner» av andre karakterar, men det som er spesielt med desse denne gangen er at dei skil seg ut på ulike måtar. Ekkokarakterane kan vere raskare eller sterkare enn karakteren dei er basert på. Saman med alle dei nye karakterane og ekkokarakterane har Super Smash Bros. totalt 74 karakterar. I tillegg til dette kjem det til å kome DLC til spelet, som betyr at det kjem til å kome fleire karakterar. Så her er det rett og slett ein karakter for kvar ein smak.

Super Smash Bros. Ultimate Fighters Pass Wishlist | Heavy.com
Sjekk ut alle desse kule karakterane!

Hovuddelen til einspeladelen er den nye eventyrmodusen ved namn «World of Light». Historia bak denne er at den vonde Galeem har forvandla alle karakterane i Super Smash Bros.-universet til ånder. Samtidig har han tatt kontroll over alle dei «gode» åndene. Heldigvis klarer Kirby å sleppe unna, og det blir difor hans rolle å redde alle saman (inkludert dei gode åndene). Modusen handlar hovudsakleg å gå rundt på eit kart og kjempe mot tilfeldige ånder og karakterar i form av ulike utfordringar, og når ein vinner mot dei opnar ein dei opp. Desse åndene kan ein vidare bruke som medhjelparar, og dei kan auke eller svekke ulike eigenskapar med karakteren ein er. Ein ånd kan f.eks. gi deg ekstra styrke og moglegheita til å sjå i mørke, mens ein annan kan gjer slik at du startar i metallform i starta av kvar kamp. I starten opplevde eg dette som veldig spanande, men over tid blei det veldig repetetivt og keisamt. Det som gjer vondt verre er at denne modusen kan ta opp til 30-40 timar å fullføre. I tillegg til dette kan åndene gjere dei ulike utfordringane alt for lette til tider, samtidig som at ein del ånder har dei same eller veldig like eigenskapar, og dette gjer dei overflødige. Difor blir dette veldig keisamt i lengda. I tillegg til dette er det nesten ingen filmsekvensar, men av dei få som er består dei av veldig godt kvalitet. På eit tidspunkt var den einaste motivasjonen min for å fortsette å samle resten av åndene eg enda ikkje hadde.

Hands on with World of Light, a Super Smash Bros. campaign ...
Hm… skal eg opne opp Marth?

I tillegg til World of Light er det andre måtar å samle ånder på. Åndebrettet er ein mykje enklare og effektiv måte å samle spesifikke ånder på. I motsetning til World of Light der åndene er speidd utover kartet, dukkar det her opp nye ånder kvart 4-5 minutt på ein tabell. Ein kan då velje kva ånd ein vil kjempe mot. Personleg føretrekker eg dette over å spele World of Light for å opne opp nye ånder.

Samanlikna med tidlegare spel i serien set Super Smash Bros. eit veldig stort fokus på ånder framfor trofé. Dette er fordi ånder rett og slett erstattar trofé i dette spelet. Heldigvis er det er ein verdig erstattar, sidan det er like kjekt å samle på åndene som det var å samle på trofé i dei gamle spela. Totalt i spelet er det rundt 1297 ånder, og desse kjem frå alle dei ulike seriane som er representert i spelet, i tillegg til nokre andre. Desse er vidare delt inn i hovudånder og støtteånder. Hovudånder er ånder som påverkar dei ulike eigenskapane til karakteren din, mens støtteånder gir deg ekstra ferdigheiter. Ei hovudånd kan gjer karakteren din sterkare, mens ei støtteånd kan gjer slik at du alltid har eit sverd når du startar ein kamp. Ved å ta desse åndene ut i kamp kan ein trene dei opp. Ein kan også trene opp ånder ved å fore dei mat.

Super Smash Bros. Ultimate - Super Smash Blog update ...
Wow! Sjekk kor mange ånder eg har.

På lik linje med alle dei andre spela i serien er den klassiske modusen tilbake. Forskjellen denne gangen er mens den var tilfeldig generert i dei tidlegare spela, har kvar karakter sin eigne forhandsbestemte versjon av han denne gangen. Modusen byr på åtte utfordringar, inkludert eit bonusspel og ein kamp med ein fiende. Eg prøvde ut Ryu sin versjon av denne, og det som er kult med den er at alle kampane ikkje er vanleg «stock»-kampar, men heller uthaldskampar. Som i alle dei andre spela i serien, er det på slutten ein rulletekst som ein kan skyte for å få ekstra premiar.

Analytical rundown of Ultimate's Classic Mode. | Smashboards
Gourmet Clash? Kva er det for eit namn?

Noko som er veldig sentralt når det kjem til slåssespel, er fleirspelardelen. Som alltid er desse modusane like kaotiske og kjekke som dei alltid har vert. Det er mogleg å spele mot opp til åtte spelarar samtidig, og desse kampanae er det mogleg å tilpasse på mange ulike måtar. I tillegg til alt dette tilbyr Super Smash Bros. Ultimate ein turneringsmodus og ein heilt ny modus ved namn Squad Strike. Turneringsmodusen er som den alltid har vert, men Squad Strike funker slik at kjemper ein del kampar for å så bytte på kven som skal spele.

Alt i alt er Super Smash Bros. Ultimate det beste spelet i serien til no. Det tar alt det beste frå serien og forbetrar det, i tillegg til å introdusere nye element. Difor har det rett og slett fortent tittelen sin.

9 / 10 [star rating=»9″ max=»10″]


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *