Splatoon 2 versjon 3.0 er ute no

Under den førre Nintendo Direct-en kunne Nintendo bekrefte at det snart skulle kome ei oppdatering til Splatoon 2 som ville innehelde ein del innhald. No ser det ut som at den er ute.

Etter nokre månadar med venting er endeleg den nye oppdateringa her. Men kva inneheld ho?

Med den nye oppdateringa får me blant anna nytt utstyr, ny musikk og mykje anna innhald. Ei av dei største nyheitene er kanskje den nye X-rangen som skal erstatte S+10 til S+50. Personar som allereie har oppnådd desse rangane vil automatisk bli forfremma til den nye rangen. Og til slutt vil ein kunne møte Callie i Octo Canyon.

Oppdateringa er meint for å kunne førebu oss til den komande utvidinga til Splatoon 2, Octo Expansion, som kjem ut ein gang i løpet av sommaren. Så no er det berre til å glede seg.

Dersom du er interessert i å vite meir om både versjon 3.0 og Octo Expansion kan du sjekke ut traileren nedanfor.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *