Nintendosjef, Tatsumi Kimishima, går av

Nintendo har nettopp annonsert at deira noverande sjef, Tatsumi Kimishima, går av. 

Det blei klartgjort i dag at Tatsumi Kimishima går av som sjef for Nintendo i slutten av juni. I hans fotspor vil Shuntaro Furukawa ta over. Kimishima kjem ikkje til å forlate firmaet, men heller forbli i ei rådgivningsrolle. Dette rapporterer Nikkei.

Det har også blitt offentleggjort at leiaren for Nintendo av Europa, Satoru Shibata, også går av.

Grunnen til at Kimishima går av er ikkje fordi at han har gjort ein dårleg jobb. Han meiner at leiinga til Nintendo trenger ei fornying, og dette er fordi han trur at ei yngre leiing vil forstå kundane enda betre.

Tatsumi Kimishima tok over rett etter Satoru Iwatas død. I løpet av dei siste åra har han klart å få Nintendo til å gå i ei litt anna retning enn det dei er kjent for. Det var alltid kjent at Kimishima aldri ville ta over Nintendo, men at han heller var meint som ein midlertidig sjef.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *