Paladins får ein ny modus

Det ser ut som at Paladins får ein Battle Royal-modus seinare i år.

Ettersom at fleire og fleire utviklarar har latt merke til suksessen til PlayerUnknow’s Battleground, ser det ut som at fleire og fleire kaster seg på bølgja. No ser det ut som at Paladins også får ein lik modus.

I dag kunne utviklarane av Paladins, Hi-Rez Studios, bekrefte at det kjem ein ny modus til spelet. Denne modusen vil heite Battlegrounds. Utanom dette sa ikkje utviklaren så mykje. Dersom du er interessert i å sjekke ut korleis modusen kjem til å vere, kan du sjekke traileren nedanfor.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *