Den nye utvidinga til Rainbow Six Siege er ute

Rainbow Six Siege har i løpet av åra jamleg blitt oppdatert med nye utvidingar. No kan Ubisoft bekrefte at det er enda meir på veg.

Den nye utvidinga til Rainbow Six Siege heiter Operation White Noise. Mens tidlegare utvidingar har tatt oss til blant anna Hong Kong, Canada, Japan, og Brazil, tar denne oss til Sør-Korea.

Utvidinga introduserer oss til den nye banen, Mok Myeok Tower, og tre nye operatørar. Desse er Dokkaebi og Vigil frå Sør-Korea og Zofia frå Polen. Alle desse tre er tilgjengeleg no for alle som har kjøpt spelets sesongpass, mens alle andre må vente ei veke før dei anten kan låse opp operatørane ved hjelp av Renown eller R6 Credits. Husk at innhaldet er heilt gratis.

Utanom meir innhald inneheld utvidinga diverse forbetringar og feiljusteringar. Desse endringane kan du sjekke ut på spelet si nettside.

Speler du Rainbow Six Siege? Spelet blei lansert 1. desember i 2015, og har sidan det blitt meir og meir populært. Til dags dato er det over 25 000 000 spelarar som speler det. Er du ein av dei? Om du er ein av dei eller ikkje, er det berre til å dele dei tankane du har rundt spelet nede i kommentarfeltet.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *