Nintendo annonserte tidlegare i går at dei skulle annonsere noko på eit seinare tidspunkt på dagen. No har Nintendo Labo blitt annonsert.
Nintendo Labo handlar rett og slett om å byggje tilbehør til din Nintendo Switch som består av papp og, i nokre tilfelle, trådar.
Poenget med Nintendo Labo er at ein skal kunne bruke dette som tilbehør til spesifikke spel for å forbetre opplevinga. Ein vil blant anna kunne bruke det som ei fiskestang, robotdrakt, ratt, og mange fleire ting. Ein vil i tillegg til dette kunne tilpasse pappbitane sine ved å fargelegge dei.
Under presentasjonen blei det også forklart kor mykje dette kjem til å koste, og det ser ut som at prisen vil variere utifrå kva pakke ein vel å kjøpe. Pakken som lar deg byggje eit hus, ei fiskestang, og ein radiostyrt bil, og meir, vil koste 69.99 $. Den andre pakken som lar deg byggje robotdrakta, vil koste rundt 79.99 $. Den norske prisen har diverre ikkje blitt oppklart.
Nintendo Labo kjem ut 27. april i Noreg.