Final Fantasy XIV patch 4.35 er ute

Innimellom dei store patchane til Final Fantasy XIV, kjem også nokre mindre patchar. No ser det ut som at det har kome noko nytt.

Før me går gjennom alt det nye innhaldet, er det viktig å klargjere at noko av det nye innhaldet må ein ha kjøpt og registrert Final Fantasy XIV: Stormblood for å kunne prøve ut.

I denne patchen fortset Hildibrand-historien. Her har det blitt lagt til to nye oppdrag, og det er berre til å glede seg til å prøve ut desse.

I tillegg har det kome mykje nye møblar. Det er eit nytt bord og ein stol, i tillegg til ein benk og ein ny skulptur. Desse ser du på dei to bileta nedanfor.

Steike, det var eit kult bord!
Eg må skaffe meg ein sånn skulptur!

The Mandermille Golden Saucer har i tillegg fått nokre nye kort.

I tillegg har det kome nokre diverse andre nyheiter. Det har blitt lagt til nye kjensler, og desse kan du sjekke ut nedanfor. Det ser ut som at det er nokre meir negative kjensler.

Er det berre meg eller er det litt varmt her?

Vinnarane av hårstilkonkurranse har òg blitt kunngjort, og desse frisyrane blir tilgjengeleg for alle. Du kan sjekke dei ut nedanfor.

Wow! Sjekk dei kule frisyrane.

Vidare skal me snakke meir om kampsystemet. Når det kjem til kampsystemet har det blitt gjort ein del endringar.

Det har blitt lagt til eit nytt Deep Dungeon ved namn Heaven-on-High. Dette er eit dungeon der arkitekturen aldri er den same for kvar gang ein prøver det ut. Det er slik at alle spelarane byrjar på nivå 61, og den einaste måten dei kan auke dette på er å sloss mot diverse fiendar. For å få tilgang til dette må ein også vere i nivå 61. På lik linje med Palace of The Dead er det slik at ein kan lagre framgangen sin, for å så fortsette seinare. Deretter ved å gjere det bra her, vil du bli lønna med ulike premier som du igjen kan bytte til deg betre utstyr.

Når det kjem til PvP har det ikkje skjedd så mykje. Dette har berre blitt finpussa på gjennom ulike buffar og debuffar. Paladin, Ninja, Samurai, Black Mage og Astrologian har blitt buffa. I tillegg til dette har Paladin fått ein ny effekt på trylleformelen Cover, og denne seier: «‘Increases damage taken to self by 10 %». Så her ser me at Paladin både har blitt buffa og debuffa. Elles består mesteparten av buffane av at dei skader meir eller at dei tar kortare tid å kaste.

Når det kjem til diverse gjenstandar, og kanskje spesielt minions og mounts, har det blitt lagt til ein ny mount og ein ny minion. Desse ser du på bilete nedanfor.

Hm… dette var ein interessant skapning.
Hæ? Er det ein dinosaur?

Utanom minionen og mounten har det blitt lagt til nye oppskrifter (men desse vil det ikkje bli delt meir informasjon om før patch 4.35).  I tillegg går det no an å forkaste The White Ravens øyreringane. Så har også beskrivinga til gjenstanden Laurel blitt endra på.

Når det kjem til systemmessige endringar har det blitt lagt til ein del. Det har blitt lagt til nye oppnåingar. Frå no av vil det også kome eit åtvaring dersom ein prøver å sette gjenstandar i Doman Enclave donasjonsboksen som går over det vekelege budsjettet. Dialogen til nokre NPC-ar i Doman Enclave har også blitt endra.

Har eg gått over det vekelege budsjettet?

Frå no av vil det dukke opp eit vidauge når ein vel kommandoen «seach for item». Eit spørsmålsteikn vil vidare indikere at informasjonen ein leiter etter ikkje er oppdatert.

Hm… er gjenstandane oppdatert?

Det har også blitt lagt til nye uttrykk i auto-oversettingsordboka.

Og den siste tingen, som alle oppdateringar generelt inneheld, er tusenvis av forbetringar og finpussingar.

Dersom du er interessert i å vite meir om oppdateringa, kan du sjekke ut Square Enix sine sider her.

 


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *