Final Fantasy XIV 4.3 – Under the Moonlight annonsert

Under dagens direktesending, Live Letter from The Producer, kunne Square Enix bekrefte innhaldet og namnet på den neste oppdateringa til Final Fantasy XIV.

Namnet på den neste oppdateringa til Final Fantasy XIV blir Under The Moonlight. Denne vil kome ut ein eller anna gang i slutten av mai. Oppdateringa vil blant anna innehalde nye oppdrag, fangehol, prøvelsar, tokt, og heilt nye Namasu beiststammeoppdrag. Ikkje berre det men den vil innehalde ein del endringar og finjusteringar.

Det blei annonsert nye tokt til Return to Ivalice, og namnet på dette er The Ridorana Lighthouse.

Etter dette blei det annonsert eit heilt nytt Djupfangehol ved namn Heaven-on-High. Dette er for folk som har nådd nivå 60 eller høgare. Det vil ha rundt 100 etasjar, og etter den trettiførste etasjen og høgare som vanskelege utfordringar for parti beståande av fire spelarar.

Det vil også kome enda fleire ekspedisjonar i The Forbidden Land of Eurika-serien. Namnet på denne er Pagos-ekspedisjonen.

Den andre delen av Ultimate-serien vil vere ein kamp mellom Ultima-våpenet. Namnet på denne vil vere Minstrel’s Ballad: The Weapon’s Refrain (Ultimate).

Under presentasjonen blei det snakka ein del om Final Fantasy XIV sin nye kompansjonapp. Det vil vere to versjonar av denne – ein betalt og ein gratis. Den gratise versjonen vil la deg gjer ulike ting som å snakke med andre spelarar, planlegge hendingar, konfigurere notifikasjonar, ha kontroll og organisere inventaret ditt. Mens den betalte versjonen vil la deg ha kontroll på haldarane dine, få dobbelt så mykje plass i asken sin og hyre enda ein haldar. Appen vil og gi moglegheita for innloggingsbonusar. Innloggingsbonusane vil bestå av kupo-nøtter, og desse vil la det bruke marknaden. Dei som betaler for appen vil få dobbelt så mange kupo-nøtter. Appen vil og ha sin eigen valuta, og denne heiter moogle-myntar.

Andre ting er blant anna Linkshell gjennom datasenteret ditt, justeringar på husmarknaden, ny rulett for raid osv.

 

 

 


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *