Sonic Mania Plus sin lanseringsdato er klar

Sonic Mania blei eit av dei best solgte Sonic-spela til no. No ser det ut som at den oppdaterte utgåva snart kjem ut.

Sega kan bekrefte at Sonic Mania Plus kjem ut 17. juli.

Den nye versjonen av spelet vil blant anna innehelde nye karakterar, banar og ein del anna innhald. Utanom dette er det berre generelle forbetringar og finpussingar frå den førre versjonen.

Spelet lanserast på Playstation 4, Xbox One, PC og Nintendo Switch.

Dersom du er meir interessert i spelet kan du sjekke ut traileren nedanfor.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *