Snart kan du prøve ut Ghost Recon: Wildlands gratis

Ubisoft har annonsert at dei skal ha ei gratishelg med Ghost Recod: Wildlands den nokomande helga.

Frå den 12. april til 15. april kan du prøve ut spelet gratis.

Dersom du ikkje har prøvd ut spelet før er dette den perfekte tida å gjere det på. Denne helga kjem nemleg den store Year 2-oppdateringa, og namnet på denne er Special Operation I. Ubisoft sa også førre veke at alt innhaldet i denne oppdateringa vil vere gratis for alle spelarar.

Du kan prøve ut spelet på PC, Playstation 4 og Xbox One.

Dersom du enda meir nysgjerrig på spelet, kan du sjekke ut traileren nedanfor.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *