Pokémon: The Power of Us annonsert

Det har lenge vert usikkert når den neste Pokémonfilmen ved namn, Pokémon: Everyone’s Story, skulle kome til vesten. No ser det ut som at Nintendo har avslørt når det skjer, og i tillegg til det er det ikkje det einaste dei har å sei.

Den vestlege versjonen til Pokémon: Everyone’s Story har skifta til Pokémon: The Power of Us. Filmen vil bli vist på kino i USA frå den 23. november til 1. desember. Om den kjem til å bli vist i Noreg er enda usikkert.

Filmen kjem til å handle om den såkalla vindfestivalen i Fura City, og den legendariske Pokémonen Lugia vil vere ein sentral del av denne. Men plutseleg er det noko rart som skjer, og då blir Ash Ketchum, saman med Pikachu, nøydt til å finne ut av det. Difor drar dei på ei reise, og her møter dei både gamle og nye bekjende.

Følgjer du fortsatt med på Pokémonanime’n, eller speler du berre spela? Uansett om ein følgjer med eller ikkje er det alltid mogleg å glede seg. Kanskje filmen vil røpe nokre nye Pokémon frå den nye 8. generasjonen?


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *