Pokémon Let’s Go Pikachu og Pokémon Let’s Go Eevee annonsert

I løpet av det siste halvåret har det kome ein del rykter om dei nye Pokémonspela. No ser det ut som om at ein del av dei stemte, men ikkje på den måten me forventa.Nintendo og Game Freak kan bekrefte at Pokémon Let’s Go Pikachu og Pokémon Let’s Go Eevee kjem ut 16. november i år. Spelet fokuserer mykje meir på Pokémon GO samanlika med tidlegare spel i serie. Dette er for at det skal bli enklare for nybyrjarar å kome inn i serien.

Denne gangen fokuserer spelet på Kantoregionen, og det er her spelets handling kjem til å skje. Dette vil altså sei at, men det er ikkje bekrefta enda, at me førebels berre kan fange dei 151 første Pokémonane.

Måten ein fangar Pokémon på har blitt endra. Denne gangen bruker ein heller Joy-con-en til å fange Pokémon. Difor har Nintendo tenkt å sleppe eit tilbehør med dette spelet, som fungerer ganske likt som det Pokéwalker-en gjorde.

Noko som er heilt nytt denne gangen er at ein kan samarbeide med andre spelarar. Når ein speler får ein ei varsling om spelarar som er nærme ein, og godtar du denne kan vedkomande bruke den andre kontrolleren.

Game Freak har bekrefta at dette ikkje blir det «nye» Pokémonspelet, men heller ei salgs vidareføring av Pokémon GO. Difor kan det for mange sjå ut som at dette heller er ein spin-off. Det meir tradisjonelle Pokémonspelet er forventa å kome ut neste år rundt hausten 2019.

Gleder du deg til det nye Pokémonspelet kjem ut på Nintendo Switch? Dersom du er interessert i å vite meir om spelet, kan du sjekke ut traileren nedanfor.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *