Nytt innhald til Dragon Ball Fighterz

Dragon Ball Figterz fekk nettopp ein ny trailer, og i denne traileren blir det introdusert mykje nytt innhald som nye karakterar, nye banar, og meir informasjon om historiemodusen til spelet.

I den nye traileren blir blant anna Beerus, Goku Black, og Hit vist fram. Det vart også vist ein del nye banar, litt av historiemodusen, og ein del andre ting.

Samtidig som dette har Bandai Namco bekrefta av det opne betaen skal vere ein eller annan gang i januar. Ryktene seier at han vil vere i midten av januar, rundt den 14. januar.

Då det var bekrefta at det skulle kome eit nytt Dragon Ball-spel til konsoll, var det nesten ingen som forventa at det skulle vere i 2D. Tidlegare spel i Dragon Ball-serien har for det meste vert i 3D. Uansett om dei har vert i 2D eller 3D, har som oftast mesteparten av spela vert godt mottat, og me får håpe at dette også blir det.

Gleder du deg til Dragon Ball Fighterz? I følgje planen skal spelet kome ut den 26. januar neste år. Dersom du er interessert i å vite meir om spelet, er det berre til å sjekke ut den nyaste traileren til det.

 


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *