Ny utviding til The Elder Scrolls Online annonsert

Det kjem ei ny utviding til The Elder Scrolls Online, men kva vil ho innehalde?

The Elder Scrolls Online er kanskje ikkje eit av dei meste kjende MMORPG’a som finst det ute. På lik linje med Final Fantasy XIV, fekk spelet ein dårleg start, men det har over tida blitt betre.

Det nye utvidinga heiter Dragon Bones, og den kjem i februar. Utvidinga vil innehalde:

  • To nye fangehol, Scalcaller Peak og Fang Lair.
  • Outfit-systemet: Dette vil la deg endre på utsjåanaden på utstyret du bruker.
  • To nye slagmarker, The Orc Stronghold of Mor Khazgur og The Dwarven Ruins of Deeping Drome.
  • Home Storage-systemet: Dette vil la deg lagre ting i huset ditt.
  • Level Up-rådgiver: Kvar gang du går opp i level vil du få tips til kva du skal gjere vidare i spelet, samt få belønningar som gull, ressursar, og legemidler. Du vil også få nye ridbare dyr og Crown Crates når du når enkelte milepælar.
  • Enkelte forbetringar av kampsystemet.

Resten av endringar har Bethesda valt å halde hemmeleg. Mest sannsynleg vil me få vite meir om desse seinare.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *