Nintendo Switch Online annonsert

Etter lang tid har Nintendo endeleg annonsert at Nintendo Switch Online kjem i september.

Ulikt før må ein no betale for Online-tenesten til Nintendo. Prisen er enda ikkje offisentleggjort her i Noreg, men me kan forvente at han vil vere rundt det same som den amerikanske som er:

  • 3.99 USD for ein månad.
  • 7.99 USD for tre månadar.
  • 19.99 USD for tolv månadar.

Frå 15. mai vil me kunne samle opp åtte Nintendo-kontoar i ei familiegruppe. Ei slik familiegruppe vil berre betale rundt 34.99 USD i året. Her vil fleire personar kunne spare pengar dersom dei vel å gjere dette.

Alle som betaler for tenesta vil blant anna motta Nintendo Entertainment System (NES)-spel «gratis» som ein del av medlemskapet. Når tenesta blir tilgjengeleg i september vil det vere rundt 20 spel som er tilgjengeleg. Nintendo har også annonsert at det vil kome fleire spel etter kvart. Spela som vil vere tilgjengeleg i september er:

  • Super Mario Bros.
  • Super Mario Bros. 3
  • The Legend of Zelda
  • Donkey Kong
  • Dr. Mario
  • Mario Bros.
  • Soccer
  • Tennis
  • Ice Climbers
  • Ballon Fight

I tillegg til Nintendo Entertainment System-spel vil også me får moglegheita til å spele desse over nettet. Korleis dette er vil variere frå spel til spel. Nokre spel vil la oss spele mot kvarandre, mens andre vil la oss kunne bytte på kontrollen.

På lik linje med Playstation Network, vil også Nintendo Switch Online kunne la oss lagre lagringsfilene våre i skyen.

Meir informasjon om Online-tenesta vil kome seinare i år, men det kan hende at me får vite meir rundt E3.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *