Mega Man 11 har blitt annonsert

I løpet av åra har Mega Man blitt stadig meir og meir populær.  Samtidig som populariteten til serien har auka, har også ønsket om eit nytt spel gjort det. Heldigvis har Capcom nokre gode nyheiter.

I år feirer Capcom Mega Man sitt 30-årsjubileum. I regi av dette, og den nylege 30-årsdirektesendinga, har dei nyleg annonsert at Megaman 11 er under utvikling. Spelet skal etter planen givast ut seint i 2018. Det vil mest sannsynleg vere rundt haust- eller juletida.

Dette vil vere det første skikkelege Mega Man-spelet sidan det retrostilte Mega Man 10 kom ut i 2010, etter at Migthy No. 9 skuffa veldig. Dersom du er nysgjerrig på korleis det nye spelet ser ut, kan du sjå traileren nedanfor.

I løpet av åra har blant anna Capcom lansert Mega Man: Legacy Collection 1 og Mega Man: Legacy Collection 2. I tillegg til dette vart også Mega Man lagt til Super Smash Bros. som ein DLC-karakter. Mega Man har også vert med i Marvel vs. Capcom.

Er du gira på Mega Man 11? Anten du er ein langstidsfan eller nykomar til serien, er du velkomen til å diskutere den i kommentarfelten nedanfor.


Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *